Kommunal plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv

Kommunal plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv er på høyring.  Anne- Grete Nøttingnes Rognsøy er einingsleiar for idrett og friluftsliv i Sunnfjord kommune, og fortel her litt om planen. 

Føremålet med planarbeidet er å få ein samla plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv for Sunnfjord kommune. Eit viktig mål for kommunal plan for idrett- og fysisk aktivitet er at den skal danne eit grunnlag for å kunne prioritere og å søkje spelemidlar til idrett- og friluftsanlegg.

Spelemidlar er ei ordning som norsk tipping har. Der frivillige lag og organisasjonar kan søkje om midlar til anlegg for fysisk aktivitet. Det er fylkeskommunen og kommunane som handterar dei søknadane. Denne planen skal gjere det mogleg at frivillige lag og organisasjonar kan søkje spelemidlar for Sunnfjord kommune. Fristen blir 15. januar. Det er heilt avgjerande at ein får tildelt midlar for å kunne byggje ulike anlegg.

Det er ein føresetnad at anlegget det blir søkt tilskot til, inngår i ein vedteken kommunal plan. Det står om kva anlegg som ein kan søkje om. Det kan vere alt ifrå ein turveg, til fotballbaner, vollyballbaner, svømmehallar, klatreanlegg og dagsturhytter.

Fysisk aktivitet i kvardagen på eigne primissar
Hovudmålet med planen er å få meir fysisk aktivitet i kvardagen på eigne primissar. Det er eit mål for planprosessen og. Ein aktiv kvardag på eigne primissar. Det vi har tenkt på er det med tilrettelegging for aktivitet der du er i kvardagen. Både der du bur, går på skule, er på sjukeheim eller er på jobb. Dette er eit tilbod som skal vere for alle.

Det er også eit mål som går på friluftsliv. Det går ut på å tilrettelegge for at alle skal kunne oppleve friluftsliv i naturen. Men samtidig skal nokre plassar vere inngrepsfrie. Det vil seie at ein ikkje skal gjere noko inngrep i naturen på nokre område.

Utfordringar
Det som var mest utfordrande var tidsperspektivet og ha ein ferdig godkjendt plan, for å kunne søkje spelemidlar. I tillegg er det ingen som har starta sine jobbar i Sunnfjord kommune. Tid i forhold til prosessen har vore vanskeleg. Ein har ikkje fått tid til å gjere alt ein kunne ønska. Ein skulle ønske ein fekk tid til å lage ein tiltaksplan. Det som ikkje går på anlegg, men tiltak for dei som er spesielt lite fysisk aktive. Då treng ein å samarbeide med skulane, folkehelsekoordinatane, frivillige lag og organisasjonar. Korleis ein skal få til dette samarbeidet er det store spørsmålet. Det er og utfordringar med å kartlegge behov i heile Sunnfjord kommune.

Korleis nå måla 
Ein har ikkje komt lenger enn til strategi. Då er det mykje om kven ein skal samarbeide med i kommunen. Så er det tiltaksplanen ein skal starte med til neste år. Som skal seie noko om konkrete tiltak. Ein er no berre komt i startfasen og ein har mykje arbeid framfor seg. Ein brukar mykje tid på å innhente informasjon frå alle dei fire kommunane.

Les plandokument:

I samband med ettersynsrunden inviterer kommunen, i samarbeide med fylkeskommunenen, Forum for natur og friluftsliv i Sogn og Fjordane og Idrettskrinsen Sogn og Fjordane til eit ope dialogmøte.

Stad: Førdehuset, Utsillingssalen
Dato: tysdag 22. oktober
Klokka 18:00 – 21:00

Involvering står sentralt i møtet, med gruppearbeid og plenumsdiskjonar der både politikarar,  idrettsorganisasjonar og andre som fremjar fysisk aktivitet og engasjerte innbyggjarar vert inviterte til å delta.

Artikkelen er skriven av Tobias Dyregrov
Illustrasjon av Gregory Idehen