Kommunestyre- og fylkestingsval 2019

Kommunestyre- og fylkestingsvalet vert gjennomført i Førde, Gaular, Jølster og Naustdal (nye Sunnfjord kommune) måndag 9. september.

Valet blir gjennomført som om Sunnfjord kommune og Vestland fylkeskommune allereie er sett i drift. Det skal veljast 45 representantar til det nye kommunestyret i Sunnfjord kommune, og 65 representantar til nye Vestland fylkesting.


Kunngjeringar og aktuelt om val:

Kunngjering om førehandsrøysting og ambulerande røystemottaking

Kunngjering om førehandsrøysting og ambulerande røystemottaking, i samsvar med valforskrifta § 24 og vallova § 8-3 6.ledd. Førehandsrøysting Innanriks veljarar som ønskjer å røyste på førehand, kan gjere det i tidsrommet 12. august til 06.september 2019. Du kan røyste her, mån-fre, 12. til 30. august: Førde rådhus                       Hafstadvegen 42              […]

Kunngjering om utlegging av manntalet

Kunngjering om utlegging av manntalet, etter vallova § 2-6, § 2-7. Står du i manntalet? Dersom du ikkje står i manntalet, kan du ikkje røyste ved kommunestyre- og fylkestingvalet 9. september 2019. Du kan sjå etter om du står i manntalet for nye Sunnfjord kommune når det ligg ute til offentleg ettersyn i perioden 15. […]