Hurra for Singles Day og kjærleikslua!

I dag, 11.november, er det Singles Day. Dette er ein nyare skikk frå Kina. Får før har vi morsdag, farsdag, Valentinsdag og så vidare. Klart dei single skal få sin eigen dag også! Vi i Sunnfjord kommune deler ut kjærleikslue i dag.

Sunnfjord kommune lanserte  kjærleikslua i sommar –  inspirert av dei grøne «singel» luene som vert nytta i fjellheimen. I dag viser det 10 blå på gradestokken, så då kan det vere greitt med lue på. Er du singel og nær eit av kommunehusa i Sunnfjord  – stikk innom og hent ei lue. Lua er gratis for alle som ønskjer å finne kjærleiken.

Kommunen gjorde ei undersøking i på eit passe stort utval single her i vår. Mange syntest det å vere singel var storveis. Det er rett og slett mange fordelar. Nokre lengta etter den store kjærleiken. Den største gruppa var dei som måtte «tygge litt på det», eller som vi seier her i Sunnfjord «ete fyst» – dei var usikre på om dei var klare for kjærleiken. Denne gruppa syntest det var vanskelig å få formidla at singelstatusen deira godt kunne bli oppheva, og at det hadde vore fint om nokon andre kunne tatt initiativet for dei. Her kjem kjærleikslua på bana: 1. Få tak i ei lue  2.Ta den på og la det stå til!

Vi ønskjer mykje lukke til.

PS: om du ikkje leser dette før 12.november, så kan du framleis kome og hente kjærleikslue. Sjølvom Singles Day berre varer ein dag, så er ein kvar dag ein god dag for å søkje kjærleiken.