2200 tilsette frå dei fire kommunane vert kollegaer frå 2020 – vi må bli kjent! Vi inviterer derfor til fest for Sunnfjord kommune for alle tilsette i kommunen.

Stad: Førdehuset
Dato: 15. november
Klokka: 18.30.-01.00

Program
18.30 Førdehuset opnar
19.30 Underhaldning:

  • Ordførar og kommunedirektør  ønskjer velkomen
  • Johan Golden – fritt manus
  • Premiere på Sunnfjord sin eigen song
  • Skråblikk frå ulike delar av Sunnfjord
  • Stian Sjursen Takle er konfransier for kvelden

21.00 Mat – tapas
22.00 Mingling, disco og moro
01.00 Arrangement slutt, avgang bussar

Kleskode
Vi har fått spørsmål om kleskode – du kjem som du vil, men dette er eit godt høve til å pynte seg. Utover dette så oppmodar vi alle om å ha på noko grønt – kva som helst.

Les meir her for tips og råd

Transport
Det blir sett opp gratis buss til og frå arrangementet i Førdehuset. Du meldte deg på busstransport då du meldte deg på festen. Det er ut i frå det behovet som var meldt inn då bussane er bestilt ut i frå.

  • Sande: Frå kommunehuset: kl. 18.30
  • Viksdalen: Frå butikken Joker i Viksdalen, via Rørvikfjellet og Holsen kl. 18.00
  • Skei: Frå utanfor kommunehuset : kl. 18.00
  • Vassenden: Frå Spar- butikken/bensinstasjon: kl. 18.30
  • Naustdal: Frå kommunehuset (sentrum): kl. 18.30

Alle bussane har retur kl. 01.00 frå Førdehuset

Påmeldingsfristen var 4.oktober

Helsing frå Johan Golden