Er du grøn på fest?

15.november er det klart for fest for dei tilsette i komande Sunnfjord kommune. Festkomiteen har fått inn fleire uromeldingar frå tilsette som slit med at dei er heilt grøne på fest. Gong på gong har dei gått på ein smell, og festen har ikkje blitt det den kunne vore. Dette har festkomiteen sjølvsagt tatt på alvor. Det er gjennomført intervju, analysar og det har blitt laga opp til fleire grafar som stadfestar uroa – det er faktisk all grunn til å tru at nokre tilsette er «fase ein grøne» på fest!

Det har vore ein krevjande prosess med mykje SWOT aktivitet i komiteen, men  løysinga er funne – Det vert ein grøn fest! Grønt kan nemeleg vere heilt fabelaktig!

Frå Wikipedia: Ein vellukka grøn fest er ein fest der deltakarane gjere det dei kan for at det skal bli ein bra fest. Dei klassisk grøne er dei «fase ein grøne» som ikkje har så mykje erfaring med korleis løfte ein fest, medan dei «fase to grøne» er dei som tek eit steg utanfor komfortsona for å skape ein strålande fest.  Det er vanleg på grøne festar at alle har på seg minst ein grøn ting. Det kan vere kun  sokkar, slips, stømper, øyredobbar eller heile pakka. Det er forskningsbasert at dette har ein identitetsskapande effekt på festdeltakarane og lettar kommunikasjonen under festligheitene.

Oppmoding frå komiteen: Ta på noko grønt på personalfesten 15.novbember.

Grønførstehjelp vert å finne på alle kommunehus i tida fram mot festen, der vil du kunne finne tak i ulike produkt som kan bidra til at kvelden vert ein suksess.

Under finn du utdrag frå intervju med tilsette som har motteke grønførstehjelp, og no kjenner seg klare til festen.

Endre om «small talk»
Dette med small talk er krevjande. Eg har kome opp i nokre riktig kleine situasjonar tidlegare. For kva er no eigentlig ein høvelig inngang når ein skal bli kjent med nye?

Då eg gjennom veneombodet fekk høyre om grønførstehjelp, så søkte eg straks om å bli tatt opp i pilotprogrammet komiteen hadde på utprøving.

Sjølve fargen grøn innbyr til dialog, så alt der kjenner eg at programmet har treft ein nerve i folket. Det er jo ulike utfordringar vi grøne har, men for meg var det nyttig å få noko handfast eg kunne bruke som ein startreplikk. Etter ein meir eller mindre omfattande kartlegging av mitt handlingsmønster, så fekk eg utdelt Ninja brus og elegante grøne stetteglas – no ser eg fram til festen.

Festkomiteen har bede meg opplyser om at det ikkje er klageadgang på sukkernivå. Zero Ninja gav ikkje same effekten. Ein kan sjå dokumentasjon på dette i analyse materialet

Vigdis om kollegialglede og snop
Eg må nesten kome med ei innrømming; Eg er berre med grunna snop og serviettar. Ingen fest utan snop, ingen snop utan fest – seie no berre eg!

Grønførstehjelp har hjelpt meg å velje rett metode for å bidra til kollegialglede og framstå som miljøbevisst tilsett. Det er ein såkalla grøndelingsmetode for klimatilpassing som gjere at eg slår eit slag for grønt gotteri. Dette etter å ha lest den nye klimaplanen til Sunnfjord kommune.

Sjølv om eg nyttar grønkamufasjemetode frå militæret (etter tips frå JB), så fråskriv arrangementskomiteen likevel seg alt ansvar for ein kvar avhengighet.

Jan Birger om sko og «wow» effekt
Eg kjenner meg alltid usikker på om skoa står til antrekket når eg skal på fest. Ofte brukar eg ein dag på å bestemme meg for sko. Det har vorte eit så stor problem at eg var ikkje i tvil om å takke ja til skoterapaut gjennom grønførstehjelpspakken. Det viste seg i midlertid å ikkje vert tilstrekkeleg, så eg måtte starte med gruppeterapi i tillegg. Dette vart dessverre dyrt. Heldigvis har ROS analysen vist at eg har usedvanleg pene tær. Eg vil no framover bruke skotøy for å framheve dette i festlege samanhengar. Det er trass alt litt wow effekt over dette.

Forresten så har komiteen bede meg om å opplyse om at dei ikkje tek ansvar for wow effekten ved å gå sokkelaus.

Øystein om glitter og valgetskvaler
Eg har fått påvist valgetskvaler. Val er vanskeleg – manifiserer seg ofte i val om sokkar når det kjem til fest. Særlig når det er to ganske like. Eg elskar rosa og glitter. Eg er spesielt engsteleg for å gå tom for glittersokkar.

Grønførstehjelp tilbydde ein marknadsundersøking på val av to ganske like sokkepar. Den viste dessverre at publikum var litt 50/50 på dette. Eg testa derfor ut placebo effekten ved å gå med det eine paret først.

Mitt indremeg seier at eg blir å gå med ein av kvar på festen. Kva kan eg seie? Eg gledar meg!

Komiteen har sagt at dei ikkje tek ansvar om eg skulle gå tom for glitter i løp av kvelden, og at eg då må rekvirere dette sjølv.

Dei tillitsvalde om trylling og pyntetips
Het er hektiske tider for oss, og vi må innrømme at det er stor pågang etter at påmeldinga for festen vart lagt ut.

Heilt autoMagisk held vi sjølvsagt rolla vår, og svingar tryllestaven for å hjelpe medlemmar fram mot festen. Det har vore eit enormt spekter av spørsmål. Vi er underlagt taushet, men kan røpe at det handlar om å pynte seg.

Vi har laga nokre «greier» for å lette informasjonsarbeidet. Refleksar, buttons med meir med teksten «too much er akkurat passe».

Vi fekk tilbod om grønførstehjelp, men valgte å takke nei for å ikkje så tvil om vår unike og eineståane integritet. Grunna dette har komiteen fråskrive seg alt ansvar for konsekvensen når «too much er akkurat passe» blir eksemplifisert.

Vi takka likevel ja til eit lite førstehjelpsbidrag sidan vi er så glade i å pynte oss.