Kva assosierer du med Sunnfjord kommune?

Vi vil gjerne høyre di meining! Sunnfjord kommune skal få seg kommunevåpen. Det vert gjort eit større kartleggingsarbeid no for å finne ut kva er det eigentlig innbyggjarane assosierer med Sunnfjord kommune?

Vinnar av teiknekonkurranse

Det kom i alt inn 828 forslag til nytt kommunevåpen gjennom teiknekonkurransen. Ideane var mange. Rein Design og Haltenbanken vil no arbeide vidare med desse ideane fram mot nytt kommunevåpen i oktober.

Det vart trekt ein tilfeldig vinnar blant dei innsendte forslaga. Mats Kalstad Dvergsdal vann 10 000 kroner til klassen sin, 7A Halbrend skule.

 

Sjå nokre av forslaga

 

Politisk organisering av Sunnfjord kommune

Fellesnemnda har oppretta ei politiskgruppe som arbeider med politisk organisering i Sunnfjord  kommune.  Åsmund Berthelsen er leiar for gruppa og presenterte for fellesnemnda gruppa sitt arbeid så langt.

Rapportar tettstadutvikling

Tettstadutviklingsprosjektet er ein del av utviklingsprogrammet for byregionarsom er ein del av Kommunal-og moderniseringsdepartementet (KMD) sitt arbeid for å legge til rette for positiv utvikling i byregionar.

Teiknekonkurranse kommunevåpen

Kommunane Gaular, Naustdal, Jølster og Førde vert Sunnfjord kommune frå 1. januar 2020. No startar arbeidet med å utforme kommunevåpenet til den nye kommunen.

Vi invterte derfor alle som har idear til å sende inn forslag innan 1.mai 2018.