Møte i Sunnfjord kommunestyre 12. november

Tysdag 12. november er det kveldsmøte i Sunnfjord kommunestyre:

Hurra for Singles Day og kjærleikslua!

I dag, 11.november, er det Singles Day. Dette er ein nyare skikk frå Kina. Får før har vi morsdag, farsdag, Valentinsdag og så vidare. Klart dei single skal få sin eigen dag også! Vi i Sunnfjord kommune deler ut kjærleikslue i dag.

Sunnfjord kommune lanserte  kjærleikslua i sommar –  inspirert av dei grøne «singel» luene som vert nytta i fjellheimen. I dag viser det 10 blå på gradestokken, så då kan det vere greitt med lue på. Er du singel og nær eit av kommunehusa i Sunnfjord  – stikk innom og hent ei lue. Lua er gratis for alle som ønskjer å finne kjærleiken.

Kommunen gjorde ei undersøking i på eit passe stort utval single her i vår. Mange syntest det å vere singel var storveis. Det er rett og slett mange fordelar. Nokre lengta etter den store kjærleiken. Den største gruppa var dei som måtte «tygge litt på det», eller som vi seier her i Sunnfjord «ete fyst» – dei var usikre på om dei var klare for kjærleiken. Denne gruppa syntest det var vanskelig å få formidla at singelstatusen deira godt kunne bli oppheva, og at det hadde vore fint om nokon andre kunne tatt initiativet for dei. Her kjem kjærleikslua på bana: 1. Få tak i ei lue  2.Ta den på og la det stå til!

Vi ønskjer mykje lukke til.

PS: om du ikkje leser dette før 12.november, så kan du framleis kome og hente kjærleikslue. Sjølvom Singles Day berre varer ein dag, så er ein kvar dag ein god dag for å søkje kjærleiken.

 

 

Kommunal plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv

Kommunal plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv er på høyring.  Anne- Grete Nøttingnes Rognsøy er einingsleiar for idrett og friluftsliv i Sunnfjord kommune, og fortel her litt om planen. 

Føremålet med planarbeidet er å få ein samla plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv for Sunnfjord kommune. Eit viktig mål for kommunal plan for idrett- og fysisk aktivitet er at den skal danne eit grunnlag for å kunne prioritere og å søkje spelemidlar til idrett- og friluftsanlegg.

Spelemidlar er ei ordning som norsk tipping har. Der frivillige lag og organisasjonar kan søkje om midlar til anlegg for fysisk aktivitet. Det er fylkeskommunen og kommunane som handterar dei søknadane. Denne planen skal gjere det mogleg at frivillige lag og organisasjonar kan søkje spelemidlar for Sunnfjord kommune. Fristen blir 15. januar. Det er heilt avgjerande at ein får tildelt midlar for å kunne byggje ulike anlegg.

Det er ein føresetnad at anlegget det blir søkt tilskot til, inngår i ein vedteken kommunal plan. Det står om kva anlegg som ein kan søkje om. Det kan vere alt ifrå ein turveg, til fotballbaner, vollyballbaner, svømmehallar, klatreanlegg og dagsturhytter.

Fysisk aktivitet i kvardagen på eigne primissar
Hovudmålet med planen er å få meir fysisk aktivitet i kvardagen på eigne primissar. Det er eit mål for planprosessen og. Ein aktiv kvardag på eigne primissar. Det vi har tenkt på er det med tilrettelegging for aktivitet der du er i kvardagen. Både der du bur, går på skule, er på sjukeheim eller er på jobb. Dette er eit tilbod som skal vere for alle.

Det er også eit mål som går på friluftsliv. Det går ut på å tilrettelegge for at alle skal kunne oppleve friluftsliv i naturen. Men samtidig skal nokre plassar vere inngrepsfrie. Det vil seie at ein ikkje skal gjere noko inngrep i naturen på nokre område.

Utfordringar
Det som var mest utfordrande var tidsperspektivet og ha ein ferdig godkjendt plan, for å kunne søkje spelemidlar. I tillegg er det ingen som har starta sine jobbar i Sunnfjord kommune. Tid i forhold til prosessen har vore vanskeleg. Ein har ikkje fått tid til å gjere alt ein kunne ønska. Ein skulle ønske ein fekk tid til å lage ein tiltaksplan. Det som ikkje går på anlegg, men tiltak for dei som er spesielt lite fysisk aktive. Då treng ein å samarbeide med skulane, folkehelsekoordinatane, frivillige lag og organisasjonar. Korleis ein skal få til dette samarbeidet er det store spørsmålet. Det er og utfordringar med å kartlegge behov i heile Sunnfjord kommune.

Korleis nå måla 
Ein har ikkje komt lenger enn til strategi. Då er det mykje om kven ein skal samarbeide med i kommunen. Så er det tiltaksplanen ein skal starte med til neste år. Som skal seie noko om konkrete tiltak. Ein er no berre komt i startfasen og ein har mykje arbeid framfor seg. Ein brukar mykje tid på å innhente informasjon frå alle dei fire kommunane.

Les plandokument:

I samband med ettersynsrunden inviterer kommunen, i samarbeide med fylkeskommunenen, Forum for natur og friluftsliv i Sogn og Fjordane og Idrettskrinsen Sogn og Fjordane til eit ope dialogmøte.

Stad: Førdehuset, Utsillingssalen
Dato: tysdag 22. oktober
Klokka 18:00 – 21:00

Involvering står sentralt i møtet, med gruppearbeid og plenumsdiskjonar der både politikarar,  idrettsorganisasjonar og andre som fremjar fysisk aktivitet og engasjerte innbyggjarar vert inviterte til å delta.

Artikkelen er skriven av Tobias Dyregrov
Illustrasjon av Gregory Idehen

Konstituerande møte i Sunnfjord kommunestyre

Fredag 18. oktober er det konstituerande møte i Sunnfjord kommune. Kommunestyret skal mellom anna velje formannskap, ordførar, varaordførar, kontrollutval og andre styre, råd og utval.

 

Møtestad: Møterom Sunnfjord – Førde rådhus

Møtetid: kl. 12.30

Møteinnkalling med saksdokument: Innkalling – Sunnfjord kommunestyre

Direktesending: Her kan følge møtet direkte via. NettTV

 

Her finn du oversikt over medlemmene i kommunestyret og møteplan. 

Offentleg ettersyn av Kommunal plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv og invitasjon til dialogmøte

I samband med ettersynsrunden inviterer vi, i samarbeide med fylkeskommunenen, Forum for natur og friluftsliv i Sogn og Fjordane og Idrettskrinsen Sogn og Fjordane til eit ope dialogmøte.

Stad: Førdehuset, Utsillingssalen
Dato: tysdag 22. oktober
Klokka 18:00 – 21:00

Involvering står sentralt i møtet, med gruppearbeid og plenumsdiskjonar der både politikarar,  idrettsorganisasjonar og andre som fremjar fysisk aktivitet og engasjerte innbyggjarar vert inviterte til å delta.

Agenda:

18:00 Velkommen
18:05 Kommunal plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv
18:25 Sunnfjord idrettsråd/Førde idrettsråd
18:35 Fylkeskommunen
18:50 FNF
19:05 Idrettskrinsen
19:20 Spørsmål og svar
19:30 Pause
19:45 Gruppearbeid
20:45 Oppsummering
21:00 Vel heim

Offentlig ettersyn
Fellesnemnda for nye Sunnfjord kommune har i møte 18.09.2019 vedtatt å legge framlegg til kommunal plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv 2020-2023 ut på offentleg ettersyn.

Les dokument:

 

Eventuelle merknader skal sendast skriftleg til Førde kommune, postboks 338 6802 Førde eller på e-post postmottak@forde.kommune.no, innan 07.11.19.

Merk innspel Sunnfjord kommune, arkivnummer 19/12.

 

Val av medlemmer til råd for eldre, ungdom og menneske med nedsett funksjonsevne

Etter ny forskrift om medverknadsordningar § 3 har organisasjonar som representerer eldre, personer med nedsett funksjonsevne eller ungdom rett til å kome med forslag til medlemmer til det rådet som representerer deira interesser.


Sunnfjord kommune vil difor oppmode organisasjonar som representerer eldre, menneske med nedsett funksjonsevne eller ungdom å kome med forslag til medlemmer til:

  • Eldrerådet
  • Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne
  • Ungdomsrådet

Send forslag til medlemmer 

Send forslag  til Sunnfjord kommune, Pb. 338, 6802 Førde,
eller ved e-post til postmottak@forde.kommune.no innan måndag 14. oktober 2019.

Har du spørsmål? Kontakt Malin Moldestad, e-post: msm@forde.kommune.no eller tlf. 958 71 388

Ungdomsrådet

Ungdomsrådet har 20 medlemmer med. 2 representantar frå kvart ungdomstrinn ved skulane i Sunnfjord, og tilsvarande 2 representantar frå kvar vidaregåande skule.

I tillegg har ungdomsrådet 2 frie representantar frå organisasjonar som representerer ungdom. Til dømes fritidsklubbar, ungdomshus eller andre organisasjonar.

Medlemmene i ungdomsrådet får 200 kr i møtegodtgjersle per møte, leiaren får 400 kr per møte. Medlemmen får dekka reiseutgifter i samband med møteaktiviteten.

Eldrerådet

Eldrerådet har 7 medlemmer, med personlege varamedlemmer.

To av medlemmene er representantar i kommunestyret, og dei fem andre er representantar frå organisasjonar som representerer eldre i kommunen.

I samsvar med kommunelova § 5-12 skal fleirtalet av medlemmene i eldrerådet ha fylt 60 år på valtidspunktet.

Medlemmene i rådet får 2 000 kr i møtegodtgjersle per møte, leiaren får 3 000 kr i møtegodtgjersle. Medlemmene får også dekka reiseutgifter og vederlag for tapt inntekt i samband med møteaktivitet.

Råd for menneske med nedsett funksjonsevne

Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne har 7 medlemmer, med personlege varamedlemmer.

To av medlemmene er representantar i kommunestyret, og dei fem andre er representantar frå organisasjonar som representerer menneske med nedsett funksjonsevne i kommunen.

Medlemmene i rådet får 2 000 kr i møtegodtgjersle per møte, leiaren får 3 000 kr i møtegodtgjersle. Medlemmene får også dekka reiseutgifter og vederlag for tapt inntekt i samband med møteaktivitet.

Reglement for råda i Sunnfjord kommune

Fellesnemnda vedtok reglement for råda i møte 18. september 2019.

Her finn de reglement for ungdomsrådet, eldrerådet og rådet for menneske med nedsett funksjonsevne.

Valresultat – Sunnfjord kommune

Valdeltaking

I sunnfjord kommune stemte 11 198 av dei 16 712 røysteføre ved valet. Dette utgjer ei valdeltaking på 67,3 % s0m er ei auke samanlikna med valet i 2015, der det samla oppmøtet i dei fire kommunane var 64,2 %.

Førehandsrøysting

Det var 3 557 som førehandsrøysta. Dette er ei auke samanlikna med det samla talet for kommunane i 2015, der 2 309 veljerar førehandsrøysta.

Valresultat

På Valdirektoratet sine nettsider finn du valresultata:

Sunnfjord kommunestyre har 45 representanter, her finn du namna på dei som er valde inn i det nye kommunestyret i Sunnfjord kommune:

Her finn du Sunnfjord valstyre sine valprotokollar:

Nærmiljøråda i Sunnfjord kommune

Utviklinga i samfunnet og ny kommunestruktur medfører at Sunnfjord er i endring og gamle kommunesenter og tettstadar vil få nye roller og funksjonar. I denne prosessen er det viktig at ein klarar å involvere innbyggjarane i tettstadane slik at ein får best mogleg bilete av no situasjonen, trendar og framtidsplanar.

Nærmiljøråda sin funksjon

Ørjan Stubhaug – rådgjevar for prosjektsekretariatet i Sunnfjord kommune
Nærmiljøråda skal være råd for Naustdal, Bygstad, Skei, Vassenden og Sande. Dei jobbar for lokalsamfunnsutvikling i dei tidlegare kommunane. Saker som er viktige for sin tettstad, kan være alt i frå samferdsel til leikeplassar. I Skei og Naustdal er dei til dømes opptatt av å få ned fartgrensene på riksvegen.

Vi har ikkje hatt noko liknande før. Grunnen til at vi ønskjer desse nærmiljøråda er for å sørge for aktivitet og utvikling i dei tidlegare kommunsentera. I tillegg til desse tre som representerar dei tidlegare kommunesentera er det også kome to nye nærmiljøråd.

Dei som er med i nærmiljøråda bestemmer sjølve kor mange medlemmer det skal vere i nærmiljørådet. Det er mellom 5-7 stykker som sit i kvart nærmiljøråd i dag. Det viktigaste medlemmane gjer er å vere ein upolitisk paraplyadministrasjon for tiltak i dei ulike grendene. Dei må jobbe for å få prosjekta sine fram. Det kan vere alt i frå skule, utvikling av strender eller søknad om nærmiljøanlegg. Dei skal ikkje vere politiske, altså det må på ein måte vere eit grasrot råd.

Nærmiljøråda er bestillt av fellesnemnda for Sunnfjord kommune. Det er ei politisk gruppe som ser på dette med nærdemokrati. Det er denne gruppa som har anbefalt at nærmiljøråda skal opprettast og jobbar for at desse skal lykkast.

Dei fem nærmiljøråda er alt oppe og går. Arbeidet begynte i februar, med å bestemme samansetjing av medlemar. Nærmiljøråda har ein leiar, ein kasserar og vedtekter. I vår arbeidde dei i hovudsak med det byråkratiske førearbeidet, og no etter sommaren vil dei vere oppe å gå slik dei skal.

Inervju med leiarar av nærmiljøråda

Nærmiljøråda får 50 000 kroner kvar som dei kan bruke til det dei har lyst til. Tre av råda er intervjua om kva dei tenkjer å bruke pengane til.

Geir Heggheim – leira for nærmiljørådet på Skei
Nærmiljørådet på Skei har tenkt å bruke dei 50 000 kronene til:

  • Betre informasjonen om dei ulike aktivitetane som finst i området,td. turløyper. Dvs skilting og infotavle som viser kvar dei ulike stiane startar.
  • Flytebrygge ved båthamna med diverse fasilitetar for bading.
  • Starte arbeidet med opprustning av gamle leikeplassar som forfell.

Dei har mange prosjekt på blokka, men desse tre vil dei prioritere først.

Anne Kristin Lilleaasen leiar for nærmiljørådet i Bygtstad
Nærmiljlørådet i Bygstad er i planleggingsfasen med kva dei skal bruke desse 50 000 kronen til, og ho legg til at dei har diskutert å bruke pengane på badeplassar/badebrygger i sentrumsområda.

Hanna De Groot, leiar for nærmiljørådet i Naustdal kommune
Nærmiljlørådet i Naustdal vil bruke pengane på å vere eit aktivt fellesskap og talerøyr for utvikling av eit betre lokalmiljø i Naustdal. Føremålet er å fremje aktivitet, betre trivsel og psykososiale tilhøve og ta del i utviklinga av området, slik at det vert meir triveleg, funksjonelt, tiltalande og spanande samstundes som ein tek vare på særpreg, eigenverdi og verneverdige miljø. Vi vil støtte fram lokale dugnadsinitiativ og saman med dei frivillige dugnadskreftene betre livskvaliteten til dei som bur og arbeider her og til dei som besøker Naustdal.

Les meir om den politiske prosjektgruppa for framtidas lokaldemokrati

Les rapportane frå tettstad analysen

Intervjuar: Tobias Dyregrov

 

 

 

 

 

 

 

 

Tid og stad for røystinga på valdagen

Kunngjering om tid og stad for stemmegjeving på valdagen i nye Sunnfjord kommune.

Vallova § 9-3, tredje leddet, jf. § 2-1

Det skal veljast representantar til kommunestyre- og fylkestingvalet måndag 9. september 2019. Hugs legitimasjon. 

Her kan du stemme i Sunnfjord kommune:

Stemmekrins Vallokale Opningstid
Haukedalen Frøysland skule Kl. 13.00 – 19.00
Holsen Holsen skule Kl. 13.00 – 19.00
Førde Førdehuset Kl. 09.00 – 21.00
Karstad Karstad skule Kl. 13.00 – 19.00
Viksdalen Viksdalen skule Kl. 13.00 – 19.00
Bygstad Bygstad skule Kl. 12.00 – 20.00
Sande Kommunehuset på Sande Kl. 12.00 – 20.00
Skei Kommunehuset på Skei Kl. 12.00 – 20.00
Vassenden Vassenden ungdomsskule Kl. 12.00 – 20.00
Naustdal Kyrkjelydshuset Kl. 12.00 – 20.00
Dalen Dalen Næringssenter Kl. 13.00 – 19.00
Vevring Vevring skule Kl. 13.00 – 19.00

Her finn du kartoversikt over vallokala. 

Kven har stemmerett?

Du har røysterett ved kommunestyre- og fylkestingsvalet om du oppfyller eitt av desse krava:

  • Du er norsk statsborgar og har fylt 18 år innan utgangen av 2019 og er, eller har vore, registrert busett i Noreg.
  • Du er statsborgar i andre nordiske land (det vil seie Danmark, Island, Finland eller Sverige) som har fylt 18 år innan utgangen av valåret, og som har vore registrert busett i Noreg seinast 30. juni i valåret.
  • Du er annan utanlandsk statsborgar som har fylt 18 år innan utgangen av valåret, og har vore registrert busett i Noreg samanhengande dei tre siste åra før valdagen. I dette tilfellet er det eit krav at butida har vore samanhengande.

På valdagen må du røyste i kommunen du er manntalsført i.