Arkiv:

Om kommunereform i Sunnfjord

For dei av kommunane i Solund, Hyllestad, Fjaler, Askvoll, Gaular, Førde, Naustdal, Flora og Jølster som vel å ha rådgjevande folkerøysting vil det skje måndag 4. april 2016. Det er bestemt at røysterettsalder er 16 år, dvs at dei som er fødd 31.12.2000 eller før har røysterett ved folkerøystinga.

Det er kor du er folkeregistert pr 01.02.16 som avgjer kva kommune du kan røyste i. Dersom du nyleg har flytta, må du melde flytting i noko tid før 01.02. for å få røyste i den kommunen du har flytta til. Flytting kan meldast elektronisk via Skatteetaten si heimside. Du finn også meir informasjon på kommunane sine heimesider.

Stortinget har slutta seg til regjeringa sitt mål om å gjennomføre ei kommunereform. Målet er større, meir robuste kommunar med auka makt og mynde.

Kommunane Flora, Naustdal, Jølster, Gaular og Førde vedtok i desember 2014 å i eigne kommunestyremøte å gjennomføre ein prosess mot ei eventuell større eining og førebu ei samanslåing. Seinare har kommunane Askvoll, Fjaler, Hyllestad og Gloppen bedt om å få delta i prosessen. Alle ni kommunane har no handsame spørsmålet i eigne kommunestyre om å greie ut ein felles storkommune i Sunnfjord. Utgreiinga vil femne om ein stor kommune med ni kommunar, ein felles SiS kommune (Flora, Naustdal, Jølster, Gaular og Førde) og ein kommune for Indre Sunnfjord (Naustdal, Jølster, Gaular og Førde).

Utgreiingar av administrativ og politisk organsiering skal vere ferdig 15 april medan framlegg til intensjonsavtalar vert lagt fram 1 juni 2015. Utgreiingane skal danne eit best mogeleg grunnlag for nye kommunestyrevedtak om vegen vidare innan 1 juli 2015. Vidare arbeid med innbyggjarhøyingar vert drøfta og gjennomført frå hausten 2015.

Innan 1 juni 2016 skal kvar kommune ha gjort endeleg vedtak om kva for kommune ein ønskjer å vere med i.

Ta telefonen når 73 10 21 00 ringer

I veke 42 og 43 kan det hende telefonen din ringer, og telefonnummeret 72 10 21 00 viser på skjermen. Då er det viktig at du svarar.

I samband med Kommunereforma føregår det for tida eit utgreiingsarbeid av fleire moglege modellar for kommunesamanslåing, og som i alt omfattar ti kommunar: Askvoll, Fjaler, Gaular, Hyllestad, Gloppen, Førde, Flora, Naustdal, Jølster og Solund.

Prosjektgruppa, beståande av ordførarar og rådmenn i desse ti kommunane, vil gjerne høyre di meining. Derfor er det viktig at du svarar når Norstat ringer for å gjennomføre denne innbyggarundersøkinga.

Informasjonsavis
Informasjonsavisa «Puslespelet»

Intensjonsavtalar
10 kommunar (PDF)
5 kommunar i Sunnfjord (PDF)
4 kommunar i Sunnfjord (PDF)
4 kommunar i Hafs (PDF)