Kommunestyrevedtak

Naustdal

Naustdal kommunestyre K-16/024
Med grunnlag i resultatet av folkeavrøystinga 4. april 2016 og seinare meiningsmåling vedtek Naustdal kommunestyre at Naustdal kommune skal gå saman med kommunane Førde, Jølster og Gaular om å skipe ein ny kommune frå 1.1.2020.

Oppretting av fellesnemnd med mandat vert å kome attende til. Naustdal kommunestyre føreset at dei fire kommunane vert likt representert i nemnda. Vidare føreset Naustdal kommunestyre at friviljugprinsippet vert fylgd i det vidare arbeidet med kommunereforma.

Dei andre kommunane som har inngått tilleggsavtale (handsama i kommunestyret 12. mai) til intensjonsavtalen har ikkje endringar i «Kapittel 3 Fellessatsingar og
Kommuneovergripande.» Då fell også Naustdal kommune sine nye tiltak som kom til etter forhandlingane var avslutta. Dette gjeld «Vevringutstillinga og Instedalen Skileikeanlegg» som vert lagt til i avtaleframlegget kapittel 3.

Førde

Førde bystyre – 019/16
Basert på vedteken intensjonsavtale og gjennomført innbyggarhøyring vedtek Førde kommune å slå seg saman med ein eller fleire av kommunane Naustdal, Gaular og Jølster.

Førde kommune er positiv til at ein eller fleire kommunar i HAFS kan slutte seg til intensjonsavtalen for «liten SiS», og bli ein del av ein større kommune i Sunnfjord dersom kommunane Naustdal, Gaular og Jølster også er samde om det.

Førde bystyre sluttar seg til vedlegg datert 15.04.2016 til «Intensjonsavtale – kommunesamanslåing Førde, Gaular, Jølster og Naustdal kommunar» med slikt nytt kulepunkt i staden for Storhandelspark på Hafstad
bygge institusjon/omsorgsbustader

Gaular

Gaular kommunestyre – 032/16
Med bakgrunn i vedteken intensjonsavtale og vedlegg vedteke 28.04. 16 sak 26/16 og gjennomført folkerøysting vedtek Gaular kommune å slå kommunen saman med Førde, Jølster og Naustdal frå 2020.

Gaular kommune vil presisere at ein føresetnad for å seie ja til kommunesamanslåing er at kommunane går inn i ein ny, større kommune som likeverdige partar, med dei midlar som kvar einskild kommune rår over. Dersom det skal opprettast fond i den einskilde kommune, skal alle tidlegare kommunar handsamast likt.

Jølster

Jølster kommunestyre – 052/16
Basert på vedteken intensjonsavtale, gjennomført innbyggarhøyring og resultat av folkerøysting vedtek Jølster kommune å slå seg saman med kommunane Førde, Gaular og Naustdal.

Jølster kommune sluttar seg til vedlegg til intensjonsavtale om kommunesamanslåing med Førde, Gaular, Naustdal og Jølster datert 15.04.16, med følgjande endring i punkt 4 :

* nytt punkt 3: Realisering av næringsareal på Moskog og utvikle næringsareal på Skei.
* nytt punkt 5:Lage eit arbeidsdokument med føremål om å etablere eit eige nærings- og kulturfond for Jølster, med kapital frå etablerte kraftinntekter.

På bakgrunn av innbyggarhøyringa og folkerøystinga finn Jølster kommune det ikkje naturleg at andre kommunar kan tiltre intensjonsavtalen for «liten» SiS og bli ein del av ein ny kommune i Indre Sunnfjord.