Arkiv: Prosessen

Informasjonsjonsmøte for ungdomsråda 30.januar 2016

30. januar 2016 vil det bli gjennomført folkemøte for ungdomsråda. Nærare informasjon finn du i utsendt agenda.
Folkemøte ungdom 30.01.16 – agenda (PDF)

Informasjonsmøter mars 2015

Kvar kommune vil gjennomføre eigne informasjonsmøte om kommunereforma. Føl med på kommunane sine heimesidar, Facebook og annonsar i avisene.

Utgreiingar om felles kommune i Sunnfjord er starta

Pwc har saman med Telemarksforsking fått anbodet om å greie ut kommuereforma for ein stor kommune i Sunnfjord. Utgreiingar av administrativ og politisk organsiering skal vere ferdig 15 april 2015 medan spørsmål om føremoner og/eller ulemper ved ein større kommune vert presentert i mai 2015. I tillegg skal økonomiske følgjer av reforma geiast ut. Utgreiingane skal danne eit best mogeleg grunnlag for nye kommunestyrevedtak om vegen vidare innan 1 juli 2015. Vidare arbeid med innbyggjarhøyingar vert drøfta og gjennomført frå hausten 2015.

20150511 – Rapport utgreiing 1 (PDF)

20150512 – Rapport utgreiing 2 (PDF)

20150512 – Rapport utgreiing 3 (PDF)

Handsaming i kommunestyra februar 2015
Alle kommunane i den store Sunnfjordkommunen har vedteke å greie ut felles Sunnfjordkommune.

Kommunereform i Sunnfjord – oversikt vedtak februar 2015, sjå fana for dokument
Felles formannskapsmøte 23. januar 2015
Det vart invitert til nytt felles formannskapsmøte 23. januar 2015 for å drøfte og kva utfordringar vi ser føre oss, gjere framlegg om eit utgreiingsprogram fram mot sommaren 2015 og vurdere trongen for intensjonsavtalar.

Utfordringsdokument, sjå fana for dokument.

Nye kommunar – frist 1.desember 2014
I mandat for kommunereform i Sunnfjord vart det opna opp for at andre kommunar innan 1. desember 2014 også kunne melde si interesse for å delta i ei utgreiing om ein felles kommune i Sunnfjord. Kommunane Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Gloppen har gjort eigne kommunestyrevedtak om å delta her.
Vedtak i kommunestyra
Alle kommunestyra vedtok i løpet av november og desember 2014 å slutte seg mandat for kommunereform i Sunnfjord.
Felles formannskapsmøte 23. og 24.oktober 2014
Her møtte formannskapa i kommunane Flora, Jølster, Gaular, Naustdal og Førde for å drøfte eit mandat for det vidare arbeidet. Jan Øhlckers og Oddvar Flæte vart engasjert for å førebu møtet og utarbeide eit framlegg til mandat i samsvar med drøftingane i møtet. I framlegget vert det gjort framlegg om å etablere ei styringsgruppe med alle ordførarane, ei prosjektgruppe med rådmennene og to tillitsvalde og lokale referansegrupper for kvar kommune der formannskap og tillitsvalde deltek.

Mandat og spelereglar Sunnfjord

Det vart utarbeidd og vedteke eit første mandat for kommunereform i Sunnfjord hausten 2014.