Utgreiingar om felles kommune i Sunnfjord har starta

Pwc har saman med Telemarksforsking fått anbodet om å greie ut kommunereforma for ein stor kommune i Sunnfjord. Utgreiingar av administrativ og politisk organisering skal vere ferdig 15.april 2015, medan spørsmål om føremoner og/eller ulemper ved ein større kommune vert presentert i mai 2015. I tillegg skal økonomiske følgjer av reforma greiast ut. Utgreiingane skal danne eit best mogeleg grunnlag for nye kommunestyrevedtak om vegen vidare innan 1.juli 2015. Vidare arbeid med innbyggarhøyingar vert drøfta og gjennomført frå hausten 2015.

Møte 10.04.15

Fredag 10. april 2015 kl 11.00 – 13.30 vil det bli gjennomført møte kor arbeids-, prosjekt- og styringsgruppene deltek.

Dagsorden ser slik ut

Tidspunkt Kva
11.00 – 11.10 Innleiing v/ Mathias Råheim og Øystein Høyvik
11.10 – 12.30 PwC informerer om førebelse funn og vurderingar (løypemelding) i høve delutgreiing 2 v/ Jan Flølo og Pål Sandal
12.30 – 12.50 Lunsj (kaffi og rundstykke i kurslokalet/fellesareal)
12.50 – 13.20 Intensjonsavtalar – gjennomgang/drøfting av prosessnotat (ligg vedlagt) utarbeidd av Oddvar Flæte og Jan Øhlckers v/ Øystein Høyvik
13.20 – 13.30 Gjennomgang av møteplan, v/ Øystein HøyvikEventueltAvslutting v/ Mathias Råheim