Ny kommune – ny arbeidsgjevar

Omstillingar og endringsarbeid er alltid vanskeleg. Kommunereforma vil bli den største omstillinga vi går gjennom som tilsette. Som tilsetterepresentantar er vi ved godt mot og har god tru på at dette kjem til å løyse seg når vi tek tida til hjelp, og vi opplever vilje til å få dette til frå alle partar.

Frå starten av har vi som tilsetterepresentantar opplevd dette som ein god, ryddig og open prosess. Målet har vore at innbyggarane skal få eit betre tenestetilbod i ein ny kommune, innanfor eit felles bu- og arbeidsområde . Vi har sett positive haldningar til dette både frå innbyggarar og tilsette.

I slike prosessar er det viktig at dei tilsette vert involvert og får høve til å delta og komme med synspunkt undervegs. Vi har opplevd at dette har blitt gjort heile tida. I og med at dette er nybrotsarbeid så famla vi oss litt fram i starten, før vi endte opp med ein modell vi no trur er fornuftig. No er alle tilsette representerte gjennom hovudsamanslutningane ved fire tillitsvalde.

Det hadde vore ønskjeleg frå både oss og arbeidsgjevar at vi hadde greidd å få tilsetterepresentantar frå kvar av kommunane, men det greidde vi ikkje i denne omgang. Vi fire som deltek i prosjektet i dag samarbeider godt i lag og har god dialog med arbeidsgjevarane. Vi er optimistiske.

Vi som tilsetterepresentantar sit no som fullverdige medlemar av prosjektgruppa og drøftar med arbeidsgjevar. I tillegg har vi møte- og talerett i den politiske styringsgruppa. Her opplever vi at vi har eit godt samarbeid og at vi blir lytta til.

Ut over dette prøver vi å skape gode arenaer for å informere og involvere tillitsvalgte i dei fire kommunane framover.

Kommunane i indre Sunnfjord er ein felles bu og arbeidsmarknad og vi samarbeider om mykje allereie. At vi vert ein kommune frå 2020 gjev oss moglegheiter til å skape betre system og større fleksibilitet til å løyse utfordringar og problem som oppstår.

Samstundes er vi klar over at det ikkje blir ein beinkløyvd veg fram til målet. Her vil komme utfordringar undervegs på mange felt, men vi har god tru på at vi skal løyse desse.

Vi veit og at informasjonstrongen er ulik. Kva som er rett mengde og rett informasjon undervegs til ulike aktørar er ikkje enkelt å avgjere. Vi arbeider med dette etter beste evne.

Vi trur og her kjem nokre utfordringar i å harmonisere lønsnivå og arbeidsvilkår mellom dei tilsette i kommunane. Over fleire år har ein prioritert ulikt, og vi må no verte samde om korleis vi skal utjamne og finne ein rettferdig lønspolitikk i lag.

Det kjem og til å bli utfordrande å gjennomføre endringar i organisasjonsstrukturen på ein måte som tek i vare tilsette, samstundes som ein skal sikre desentraliserte funksjonar for innbyggarane.

Likevel er ikkje dette dei største utfordringane i våre auge. Slik vi ser det, etter møte med både tillitsvalde og administrativ leiing, er den største utfordringa å bygge ny, felles kultur, system og tenestenivå – og samstundes gje slepp på sine eigne. Dette blir den eigentlege omstillinga.

For dei tilsette
Elin Enebakk, Torill Segtnan, Marit Solheim og Stian Jakobsen